– Ein stad å vera og opplæring er vesentleg

Publisert: 04.09.2014

Styreleiar i Noregs Ungdomslag, Endre Kleiveland, la vekt på ein stad å væra og opplæring som vesentleg for eit betre samspel mellom offentleg og frivillig sektor i sitt innspill til kulturminister Widvey.

– Ein stad å vera og opplæring  er vesentleg

Noregs Ungdomslag var invitert til å kome med  innspel i saka om intensjonserklæring for samspelet med frivillig sektor under innspelsseminar til Kulturdepartementet onsdag 3. september.

Endre Kleiveland opna med å fortelja om Noregs Ungdomslag som ein gamal og stor kulturorganisasjon med 400 lokallag fordelt over heile landet, der kjerneaktivitetane er knytt til folkelege kulturaktivitetar som folkedans og amatørteater. Men laga driv og ein mykje breiare aktivitet, der ofte eigne lagshus er samlingspunktet i bygda.

– Det å ha ein arena for å drive med aktiviteten er noko av det viktigaste ein tilrettelegge for. Vår og mange andre kultur- og interesseorganisasjonar byrja tidleg med å bygge hus for å drive lagsaktiviteten. Det kan nemnast ungdomshus, bedehus, folkets hus, losjer, idrettsbygg osv. Dette har vore ein av bærebjelkane i det frivillige lagsarbeidet, og det er det fortsatt sa Kleiveland.

Store kulturhus er ikkje bærebjelken
Han nemnde også debatten om dei nye kulturhusa, der det stort sett har det dreia rundt investeringskostnader og driftskostnader. At det er dyrt å bygge, og dyrt for frivillige lag å leige. Men ifølge han er det også vært positivt med mykje av det som har skjedd i dei nye husa. Og for frivillige lag er slike hus viktige for fast aktivitet eller for sporadisk leige.

Det som likevel har vore sakna i debatten er å ha to tankar i hovudet samstundes. Bærebjelken for frivillige organisasjonar er ikkje dei sentraliserte store kulturhusa, det er dei små lagshusa på bygdene. Det er der det blir drive fast lagsaktivitet til kostpris kvar einaste dag. Økonomisk stønad og kunnskap om desse husa er fråverande. Det er ingen i dag, verken kommune eller stat som har oversikt over kor mange slike hus som fins, teknisk status på husa, eller kor mykje dei er i drift. Det seier noko om statusen til desse husa, sa Kleiveland og minna kulturministeren på at  Familie- og kulturkomiteen på Stortinget har ei sak liggande som omhandlar rammevilkåra for organisasjonseigde hus.

Dette forslaget har så langt fått svært brei støtte frå heile det frivillige feltet. Går forslaget gjennom vil det sørgje for vesentleg betre rammevilkår for frivillig sektor. Det er også ein svært effektivt måte det offentlege kan stimulere til vekst i det frivillige kulturlivet og andre deler av frivilligheten.

Endre Kleiveland avslutta sitt innspel men å snakke om opplæring. For svært mykje av frivillig kulturaktivitet driv med opplæring gjennom aktiviteten, og ein av eit av dei viktigaste stønadsordningane for å nå ut breitt er voksenopplæringsmidlar.