Fråsegn frå landsmøtet til 4H Norge:
– Vi må ha rom for frivilligheit

Publisert: 25.08.2014

4H Norge hadde landsmøtet 15.-17. juli 2014. Denne fråsegna om rom for frivilligheit vart vedteke av landsmøtet.

Fråsegn frå landsmøtet til 4H Norge: <br><i>– Vi må ha rom for frivilligheit</i></br>

Mange nærmiljø i Noreg er halde oppe og drive vidare av frivillige lag og foreiningar, slik som 4H. Barn og unge møtast, integrerast og lærer nye dugleikar. Dette gjeld òg dei vaksne som er med og gjer ein dugnadsinnsats på ulike arrangement. På denne måten vert det skapt nye band og opplevingar for særs mange kvar einaste veke, kvar einaste dag!

Aktivitetar som samlar hundrevis av barn og unge krev store lokale, og spesielle rom som klasserom og skolekjøkken. Det er ikkje mogleg for alle dei frivillige organisasjonane å eige kvart sitt lokale av ein slik storleik. Heldigvis har vi, og andre, fått høve til å låne skoler og andre offentlege bygg av same art. Dette er i stor grad kommunale og fylkeskommunale bygg

I dei seinare år har vi sett ei innstramming i dette tilbodet, og ein tilsvarande reduksjon i tilbodet til medlemmane våre. Skoler vil ikkje låne ut areal, og andre vel å krevja høge leigeprisar.

Aktivitetar som samlar hundrevis av barn og unge krev store lokale, og spesielle rom som klasserom og skolekjøkken. Det er ikkje mogleg for alle dei frivillige organisasjonane å eige kvart sitt lokale av ein slik storleik. Heldigvis har vi, og andre, fått høve til å låne skoler og andre offentlege bygg av same art. Dette er i stor grad kommunale og fylkeskommunale bygg.
I dei seinare år har vi sett ei innstramming i dette tilbodet, og ein tilsvarande reduksjon i tilbodet til medlemmane våre. Skoler vil ikkje låne ut areal, og andre vel å krevja høge leigeprisar. Det er vanskeleg å få til eit godt og økonomisk berekraftig arrangement om ein må betale ein høg pris.

4H Norge ynskjer at eigarar av slike lokale gjer desse tilgjengeleg for oss og andre organisasjonar, at ein verdsett den viktige rolla vi har i nærmiljøet. Kort sagt, at ein gjev rom for frivilligheit!

4H Norge hadde landsmøtet på Rica Hell hotell, 15.-17. juli 2014. Denne fråsegna vart vedteke av landsmøtet.

Les meir om 4H Norge