Huldaprisen til Ragnhild Hilt

Publisert: 16.06.2014

Huldaprisen 2014 vart delt ut under Norsk amatørteaterfestival. Prismottakar vart Ragnhild Hilt, ei kjent og kjær dame for mange som har vore skodespelarar under amatørteaterfestivalane i NU.

Huldaprisen til Ragnhild Hilt

Juryen si grunngjeving:
Som Hulda Garborg, er vinnaren av årets Huldapris ei sterk, handlekraftig og moderne kvinne med hjarte for teater, og ikkje minst for å styrke banda mellom profesjonelle og amatørar. Ho er ein av dei toneangivande skodespelarane på Det Norske Teatret som har vidd tid, merksemd og tyngd til amatørteaterrørsla. Gjennom å vere nyfiken, raus på kunnskap, interessert og spørjande har ho halde opp for oss vår eigen ambisjon: Eit samarbeid mellom amatørar og profesjonelle til gode for begge.

Ho var heilt avgjerande for oss då vi starta arbeidet med å skape Norsk amatørteaterfestival i 2003. Ho var med på dei innleiande samtalane om innhald, og ho har brukt mykje tid under kvar festival på å utforme sterke, inspirerande og klare tilbakemeldingar til gruppene og den enkelte som har spela på Det Norske Teatret under festivalen. I løpet av dei fem festivalane ho deltok på, såg ho nærare 50 framsyningar i høgst ulike sjangrar, framført av grupper frå ulike delar av landet. Etter kvar framsyning gav ho kvar enkel gruppe tilbakemeldingar som har betydd svært mykje for deltakarane både som læring og inspirasjon til vidare arbeid med teater. Med stor ro, interesse, klokskap og varme tok ho fram det som var svært godt, og med kunnskapsrik omsorg utfordra ho der ho såg arbeidet burde utviklast, og stilte spørsmål som bidrog til refleksjon og betre innsikt. Ho såg gruppene der dei var, på deira nivå og frå deira ståstad. Gruppene opplevde at dei var tekne på alvor i det arbeidet dei hadde gjort, og at ho var oppriktig i sine tilbakemeldingar.

Ho var også med i den innleiande drøftinga av Den Mangfaldige Scenen og gav klar støtte til at noko slikt måtte skje for å auke scenekompetansen og teaterdeltakinga i alle delar av vårt samfunn. Også der stilte ho viktige spørsmål for å finne riktig retning og tyngde på prosjektet.

Vi er svært takksame for den tida Ragnhild Hilt har vigd til og kunnskapen ho har delt med amatørteaterrørsla!


Ragnhild Hilt hadde dessverre ikkje høve til å vere til stades under pristildelinga. Hennar nære venninne og kollega gjennom mange år, Ulrikke Greve, tok i mot prisen på vegne av Ragnhild, og formidla henar takk for prisen:

– Ragnhild er veldig takknemlig og glad for prisen. Ho seier det har vore ei stor glede heile vegen å vere med på festivalen, og at det har vore morosamt å sjå så mange dyktige skodespelarar og så mykje sann speleglede! – Ragnhild seier også at ho gjennom arbeidet med festivalen har blitt kjent med eit Noreg ho ikkje kjente frå før, og ho trekk fram at amatørteaterverksemda er veldig verdifull for hele landet.

Tekst: Noregs Ungdomslag