Prosjektet tar sikte på å tilby eit introduksjonskurs til Frifond si målgruppe (10 – 26 år) i alle landets fylker i 2010, og er gratis!Skriv! - godt i gang!
- Det eg gjer mest av no er å kontakte lokale arrangørar samt ferdigstille kursmanualen, seier Eirik Fauske. Sidan januar har han arbeida med å administrere kursa i prosjektet SKRIV! Målet er at det skal arrangerast kurs for begge aldersgruppene i alle landets fylker innan utgangen av 2010, og at kven som helst kan melde seg på.
- Akkurat det er kjempebra. Vi leiter ikkje etter den neste store dramatikeren, men prøver heller å få deltakarane til å like å skrive for teaterscena, seier Eirik. – Og vi prøver å gjere kurset så grunnleggande som muleg.
I botnen av kurset ligg det ein kursmanual som snart er ferdigstilt og utprøvd. Instruktørane vil gjennomføre kurset med utgangspunkt
i denne malen, men dei vil òg kunne tilpasse den til eigne erfaringar.
– Vi prøver å få tak instruktørar med ein viss skrive- og teatererfaring, her får vi ein del tips, men mottek gjerne fleire. Eg har fått inntrykk av at instruktørane syns det ok at det ligg ein
manual i botnen. Det kjem ikkje til å bli servert ei oppskrift på korleis ein lager eit teatermanus, men heller nytte små øvingar og vising av døme for å gi deltakarane ein venleg dytt.
- Eg føler meg litt som ein seljar, men at det eg sel er gratis, seier Eirik når Sceneliv spør han korleis det går med kursplanlegginga. – Eg liker kontakten med dei lokale arrangørane, så no gjeld det å finne helger som kan passe og instruktører som kan.
– Dette er jo i utgangspunktet eit fantastisk tilbod og eg håper at dei som ønskjer å delta på eit slikt kurs får sjansen.
Er du interessert sender du ein e-post til eirik@teater.no
for å få meir informasjon om kurs og arrangørar i ditt nærområde
Vil du vere arrangør for eit skrivekurs?
Ta kontakt med oss! Prosjektet treng lokale arrangørar. Vi er godt
i gang med planlegginga i Sør-Trøndelag, Vestfold, Troms, og Møre og Romsdal, men oppmodar interesserte i andre fylker å ta kontakt.
I utgangspunktet henvender vi oss til organisasjonar eller lag
som på ein eller annan måte er tilknytt Norsk teaterråd.
Kurset gir deg som arrangør ein sjanse til å nå ut til både potensielle og allereie eksisterande medlemmar. Sjølv om dette er eit grunnleggande kurs, vil meir erfarne skrivarar òg ha glede av det.
Som arrangør blir di oppgåve å finne lokaler, deltakarar, tipse oss
om lokale instruktørar ++. Prosjektet dekker alle utgifter knytt til kursa. Det inkluderer instruktørhonorar, lokalleige og andre kostnader. Arrangøren og Norsk teaterråd avklarer budsjettet i forkant av kurset.
Kontakt: Eirik Fauske
e-post: eirik@teater.no, tlf: 99 60 32 62